SKAMLAUS I DIN FEMININITET
*
SKAMLAUS I DIN FEMININITET *
Ei fagleg forankra, kroppsbasert og relasjonell reise inn i femininitet, kraft og SKAM
Dette er ei reise for deg som ΓΈnskjer Γ₯ transformere bundenheit til fridom, skam til styrke, og refleksjon til ei integrert og sjΓΈlvstyrt livsutfalding.
Dette er ikkje eit hurtigkurs.
Det er ei fordjupande, eksistensiell og kroppsnær reise tilbake til ei kraft som i generasjonar har blitt disiplinert, kontrollert, seksualisert, undervurdert eller gløymd: di feminine kraft.
EI KRAFT SOM BER I SEG NΓKKELEN TIL LIVSUTFALDING, MOTSTANDSKRAFT OG MENNESKELEG KOMPLEKSITET.
Denne reisa tek utganspunkt i femininitet som ei kompleks, kroppsleg og relasjonell erfaring, forma i skjæringspunktet mellom individuelle livslaup og kollektive og strukturelle rammer.
FORLAUPET UTGJER EIT UNDERSΓKANDE OG KATALYSERANDE ROM DER DU BLIR INVITERT TIL Γ :
gΓ₯ djupare i dialog med skam og forstΓ₯ korleis ho pΓ₯verkar kroppen og livet ditt
opne opp for og hente tilbake di feminine kraft
integrere og implementere di særegne essens i kvardagslivet
styrkje eigen autoritet gjennom medvit, forankring og refleksjon
Arbeidet byggjer pΓ₯ levd kunnskap, der kropp, sprΓ₯k og erfaring blir forstΓ₯tt som ein gjensidig forbundne kunnskapskjelder.
SKAM SOM EIN NΓKKEL TIL DIN FEMININE KRAFT
HER FΓ R DU ROM TIL Γ :
MΓTE SKAMMA SOM BUR I KROPPEN DIN, OG FORSTΓ HO SOM EI KJELDE TIL SKJULT VISDOM, IKKJE EIT PERSONLEG SVIK ELLER PROBLEM
HENTE TILBAKE EIT SPRΓ K FOR DI LEVDE KRAFT, DEN SOM ALLEREIE PULSERER I KROPPEN DIN
STYRKJE EIGNE GRENSER, EIGEN AUTORITET OG INDRE VISDOM
VERE DEL AV EIT FELLESSKAP SOM TOLER KOMPLEKSITET OG EKTE, UPERFEKT TRANSFORMASJON
Kven dette er for
For kvinner som er ferdige med overfladiske lΓΈfter om βfrigjeringβ og i staden ΓΈnskjer Γ₯:
analysere eigen relasjon til skam utan Γ₯ individualisere henne
forstΓ₯ kroppen som kunnskapskjelda heller enn feilobjekt
arbeide med dissosiasjon, kroppsbildeforvrenging eller seksualisert blikk
undersΓΈke eigne grenser, kultivering av livskraft og autonomi
avlære internaliserte skam-mønster
behov for fellesskap som ikkje gjer deg mindre, men opplΓΈfter og spiler deg i din vakkerheit
toler kompleksitet og ambivalens og ΓΈnskjer Γ₯ sjΓ₯ kroppen som kunnskapsgrunnlag
INNHALD
Du fΓ₯r ein heilskapleg metodikk som integrerer teori, kropp, sprΓ₯k og erfaring:
β’ Live online workshops (6β8 modular) med rom for spΓΈrsmΓ₯l og dialog
β’ Praksis og refleksjon mellom samlingane
β’ Fellesskap og spegling
β’ VerktΓΈy som knyter akademisk kunnskap til levd kroppserfaring
β’ Moglegheit for spΓΈrsmΓ₯l, prosessveileding og integrasjon
Du fΓ₯r ikkje berre forstΓ₯ing.
Du fΓ₯r handling, spegling, sprΓ₯k og forankring.
7 Tematiske MODULAR
Skam vil dere sentralt i alle modular og vil leggje grunnlaget for utforsking av desse tematikkane. Hovedfokuset vil vere Γ₯ bruke skam som ein nΓΈkkel inn i den undertrykte visdommen gjennom bΓ₯de kunnskap og kroppsleg forankring og fellesskap. Workshopsa vil foregΓ₯ 1 gong per veke og har ein varigheit pΓ₯ rundt 1 time til 1,5 time. Det vil bli gjort opptak slik at fΓ₯r det tilsendt i etterkant.
1. Skam som sosial regulering
Skam sine masker, mekanismar og kroppslege uttrykk
2. Femininitet og arketypar
FrΓ₯ performativ kvinnelegheit til energetisk kapasitet
3. Syklus og sirkulær intelligens
Kroppen sin rytme over lineær prestasjon
4. Kvinnekropp, seksualisering og makt
Kontroll, blikk, internaliserte strukturar
5. Seksualitet og livskraft
Lyst, grense, autonomi og kroppslig eigarskap
6. Relasjonar og fellesskap
Systerskap, spegling, konkurranse og bindingar
7. Integrasjon
FrΓ₯ innsikt til levd praksis i kvardagen
PRIS OG INNHALD
Forlaupet finst i to nivΓ₯:
Basispakke: 3000 kr
β’ LIVE online Workshops
β’ Fellesskap i privat gruppe
β’ OppgΓ₯ver og refleksjon mellom samlingane
Premiumpakke: 4500 kr
β’ LIVE online Workshops
β’ Fellesskap i privat gruppe
β’ OppgΓ₯ver og refleksjon mellom samlingane
β’ Personleg vegleiing og Q&A i prosessen
Tidleg pΓ₯melding: 20% rabatt fΓΈr [02.01.26]
Det er avdragsbetaling om du ΓΈnskjer det.
KLAR FOR Γ LEVE SKAMLAUST I DIN FEMININITET?
Dette er ikkje for alle;
Dette er for deg som er klar til Γ₯ integrere, avdekke, Γ₯pne og undersΓΈke eigen skam og din komplekse femininitet som ein reell kraft i livet ditt.
Hvis du kjenner at tida er inne for Γ₯ lΓΈfte pΓ₯ slΓΈret
for Γ₯ halde blikket ditt
og mΓΈte den feminine autoriteten som bur i kroppen din
velkommen inn i rommet.
Der kvinner historisk blei instruert til Γ₯ bΓΈye nakken
kan du lΓΈfte henne.
Der skam blei brukt som kontroll over kropp, begjær og uttrykk
kan du Γ₯pne deg og ta tilbake definisjonsmakta.
Der kraft blei temma for Γ₯ passe inn
kan du frigjere henne, legemliggjere henne
og leve henne ut.