DITT LYS - DIN ESSENS

Ein workshop som gir deg eit rammeverk og ein djupare forståing av deg og din essens.

Å leve i pakt med diN essens

Ein virtuell workshop om identitet, kropp, skam og indre heilskap

Kven er du – bak rollene, prestasjonane og forventningane?
Kva skjer når livet ikkje lenger berre skal fungere, men kjennast sant og i resonans med den du faktisk er?

Denne virtuelle workshopen er ei invitasjon til å vende merksemda innover –
til kroppen, verdiane dine og den djupare kjensla av kven du er.
I eit trygt og utforskande rom vil vi undersøkje kva det betyr å leve i pakt med si essens –
ikkje som eit ideal, men som ei levd erfaring.

Gjennom refleksjon, fagleg forankring og kroppsleg medvit vil vi mellom anna utforske:

  • identitet og identitetsgap

  • verdiforankring og indre kompass

  • skam som hemmande kraft – og som mogleg portal til vekst

  • kroppen som berar av innsikt og livskraft

  • integrasjon av innsikt i kvardagsliv, relasjonar og val

Workshopen kviler på perspektiv frå psykologi, psykosomatisk og nevropsykologisk forsking, eksistensiell forståing og djupare indre arbeid. Det blir ikkje krav om å prestere eller dele meir enn det som kjennest rett – berre ei open invitasjon til å vere ærleg til stades med deg sjølv.

Dette er for deg som:

  • lengtar etter meir samanheng og indre ro

  • ønskjer å leve meir i tråd med eigne verdiar

  • er nysgjerrig på kroppen som vegvisar

  • vil integrere innsikt, ikkje berre forstå ho

Å leve i pakt med si essens handlar ikkje om å bli ein annan.
Det handlar om å kome heim.

Ei fordjupning i deg - Få HEILE workshopen tilsendt på din mail

DIN ESSENS

DIN ESSENS

Ingen resultater funnet